Annonse
Hardangerfolk

Haustkonsert i Tysso I

Torsdag 28. oktober 2010 kl. 20.00, Tyssedal, Tysso 1 Kraftstasjon

Det er tid for den årlege haustkonserten i kraftstasjonen i Tyssedal! Tidspunkt: Torsdag 28. oktober kl 20 Pris : Kr 150 (billetsal ved inngangen)

I år er vi så heldige å ha ein av våre berømte oddingar på besøk. Ørjan Hartveit er uteksaminert frå Trinity College of London, og er busett og syng som baryton i den engelske hovudstaden. Sjå og heimesida til Ørjan Hartveit: http://www.orjan-hartveit.com/

Med seg i kraftstasjonen har han pianisten Torgeir Kinne Solsvik frå Norheimsund. Solsvik er utdanna ved Griegakademiet i Bergen og ved Conservatorium of Music i Sydney. Sjå og heimesida Til Torgeir Kinne Solsvik: http://www.kinnepiano.no/

Desse to utøvarane i verdsklasse skal framføra musikk av Geirr Tveitt (1908-81) i samband med lanseringa av den nye plata Geirr Tveitt – Piano Works and Songs og musikk av Robert Schumann (1810-56) i høve 200 års jubileumet til den tyske komponisten.

Vist 82 gonger. Følgt av 2 personar.

Var du med?

2 tilrådde Person_grayPerson_gray