Ny kafe i Tyssedal!
I Tyssedal kan du no få deg ein kopp kaffi og ei vafla. Eller kanskje du heller lar deg freiste av ein “Mini-Turbin-Pizza” og ein espresso eller ein cappuccino? Is og brus og Hardanger eplesaft har vi og.
Kafeen finn du i kraftstasjonen “Tysso I” på kaien i Tyssedal. Den er open for alle – museumsfolk, turistar, oddingar, og ikkje minst Tyssedølinger!
Du kan bli med på ei omvisning i stasjonen med ein av museets flinke guidar, eller du kan ta deg ein tur inn på eige hand. Kom til museumsbutikken og snakk med museumsvertane! Og medan du er i butikken kan du sjå kor mykje fint vi har der – kunst, kunsthandverk, bøker, filmar frå Odda og Tyssedal, litt leiker – mange flotte gåveidear.
Vi gler oss til å sjå meir av lokalbefolkningen!
HJERTELEG VELKOMNE!




Kommentarar
hva er åpningstidene her da?
Åpningstider: Kvar dag i sommarferien frå 11 til 16……..:-)