Teaterkurs i Eidfjord
Langhelga frå torsdag 28. februar til sundag 2. mars vert det invitert til eit intensivt kurs for songglade menneske med litt lyst til å stå på ei scene.
Kurshaldarar er regissør Arnulf Haga som mellom anna har vore instruktør på Stiklestadspelet i 13 år, og musikar, komponist og songinstruktør Asgeir Skrove frå skodespelarutdanninga ved Høgskolen i Nord Trøndelag.
Fyrste del av kurset vert hald som eit par timars økter om kvelden torsdag og fredag. Laurdag vert det innøving av musikalnummeret ”Konge på ei kro”, av korverk og tekstlesing. Om kvelden vert det felles middag på Eidfjord Fjell- og Fjord Hotel med sosialt samver. Og sundag føremiddag er det gjennomarbeiding, visning og evaluering.
Kurset eignar seg frå både teaterintersserte med og utan røynsle til song- og musikkglade personar frå Hardanger og Voss.
-Det er plass til femti deltakarar, opplyser Elisabet Joleik i Eidfjord Teaterlag. Samstundes har dei sett ei nedre grense på 20. I skrivande stund er det uvisst om det vert mange nok, og fristen går faktisk ut i dag. I fylgje invitasjonen er kurset ope for alle i alderen 13 til 99 år.


