Struts

Struts — Bergen, 20080107; Struts. med Øyvind Angeltveit, Trond Høvik og Sandra Benjamin.
Foto: Tor Erik H. Mathiesen, Nikon D2X, Adobe RGB II.
Onsdag 30. januar kjem Hordaland Teater til Eidfjordhallen med framsyninga Struts, som hadde premiere på Ole Bull Scene i Bergen 11. januar. Trond Høvik, Øyvind Angeltveit og Sandra Veivåg har hovudrollene.
Me møter brørne Knut og Anton bur på familiens gamle slektsgard og jobbar hardt for å få økonomien til å gå i hop. Men deira siste ide – å driva ein strutsefarm – lukkast ikkje. Akkurat i dag kjem skatteoppkrevjaren for å ta garden og alle strutsane i frå dei.
I eit forsøk på å sleppe unna, har brødrene låst seg inne i huset og gøymt favorittstrutsane sine i kjellaren.
Då dukkar Leila opp. Ho er 16 år gamal, mørkhuda, og påstår at ein av brørne er far hennar. . .
Struts er ei tragikomisk forteljing om det å stå utanfor, fordommar og om Herman – ein tre meter høg aggressiv struts, skriv Eidfjord kommune på sine nettsider.



