Økologisk gravferd, ikkje kremeringDet er kanskje ikkje det beste tema for debatt, men eg prøver likevel. Vi bør satsa på økologisk gravferd. Vi bør slutta å byggja nye krematorier som brukar gass. Både av miljøhensyn og av etiske grunnar. Etter kremering må likbrennarar raka ut implantat, amalgam og titanboltar frå aska. Dei største delane av sjelettet blir verande og må knusast eller malast før aska kan fyllast i urna. Med ny teknologi kan ein død menneskekropp frysast ned i flytande nitrogen og så ristast til millimeter store bitar. Etter tørking og fjerning av metaller og andre giftstoff kan “aska” gravleggjast 1/2 meter ned i jorda (mot 1,5 meter i dag). På under eit år er det berre jord igjen. Inga forureining av grunnvatn. Endeleg kan vi bli til jord igjen, som prestar plar sei. Ein død kropp blir nemleg ikkje til jord, når den vert nedgravd 1,5 meter nede. Kjelder:
Og om nokon lurte; eg vil gjerne at min eigen kropp skal frysetørkast når eg er død.
Vist 358 gonger. Følgt av 5 personar. Hardangerfolk
Følgt av 1236 medlemmar.
Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde. Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden. [Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir | ||
Kommentarar
Eg er einig med du. Eg har aldri visst om frysetørking som alternativ metode, men tanken støter ikkje meg. Eg har alltid syns tanken på å bli gravlagd og sakte bli til jord, er vanskeleg. Og så seier du at døde kroppar ikkje blir til jord på 1,5 meter som vi har i dag. Kvifor ikkje?
Ellers så vil eg gi skryt til deg for god kildebruk i innlegget ditt.
Lurer på hvor mange liter biodiesel jeg kan presses til? Kanskje massen av ett 72-kilos menneske kan frakte en leddbuss 2 kilometer?
Du har aldri tenkt på hvor mye energi det skal til for å lage flytende nitrogen vel?
Så lenge vi snakker rein energi så spiller det vel ingen trille?
Kanskje du har fleire detaljar? På Wikipedia står det:
Det er kanskje ikke så energikrevende å fremstille nitrogen, men for å få den fra gassform til væskeform, se det, det er energikrevende det….
Husker ikke kor mange minus en trenger men det er mer enn en middels norsk vinter ja :o)
Så du treng veldig sterk kulde for å gjer nitrogenet flytande?
Om du hadde funne litt fakta om det her, så burde den Wikipedia-artikkelen blitt oppdatert.
Kanskje du vil utvide den litt? “Bidra til fellesskapet..” ;-)
Det står jo forsåvidt i Wikipedia-artikkelen da ser eg no. I tabellen rett over det du refererte til så står det at nitrogen har et kokepunkt på -195 grader. Og som vi lærte på skolen så er det ved kokepunktet at stoffer går fra væskeform til gassform. Og nitrogen er jo i gassform her på jorda.
Her er meir om same tema:
Velkommen etter, kan du (og innlandet) si! Takk for oppfølgingstips. Det er slik bransjen er. Lanser ein nyhet, vent to-tre veker/mnd altettersom og lanser samme nyheten igjen.