Annonse
Hardangerfolk

Folkvord første ordførar på Hardangerfolk

For ikkje lenge sidan vart partia i Eidfjord, Ullensvang og Odda oppfordra til å melda seg inn i Hardangerfolk og slik vera tilgjengelege for veljarmassen sin.
Torsdag meldte også ordførar Gard Folkvord seg inn som medlem nummer 187 i Hardangerfolk.

Han fortel Hardanger Folkeblad at årsaka er at han har fått Hardangerfolk varmt anbefalt og at han er blitt veldig nysgjerrig på kva det er for noko.
- Eg ser jo at dette er ein ny kommunikasjonskanal, og det er viktig å halda seg oppdatert på nye endringar i samfunnet, seier den nyinnmeldte ordføraren.

Oppfordringa står ved lag til alle politikarane til Odda, Ullensvang og Eidfjord, samt alle andre som har lyst og engasjement for å gjera Hardanger til verdas beste stad å bu i. På Hardangerfolk kan du få ros for det du gjer og gode innspel frå andre. I tillegg kan du servera andre nyheiter, dela bilete, historier og minner samt skapa nye aktivitetar for framtida.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Gratulerer Gard, håper det blir mange meningsytringer og gode komentarer fra din side, dette er enda en viktig arena hvor du kan
treffe ditt folk.

Exclamation_desat_24

Hei Gard, du er hjertelig velkommen på vårt stiftelsesmøte 26.02. kl 18.00 på Hardanger hotell. Vi ønsker å sette Odda på kartet som studiested. Kanskje kan vi få vår egen høyskole også ?

Exclamation_desat_24

Er Gard i slekt med Erling?

Exclamation_desat_24

Visstnok langt langt uti… men ikkje nevneverdig egentlig.

Hardangerfolk

Følgt av 1236 medlemmar.

Hardangerfolk er lokalsona til lokalavisa Hardanger Folkeblad. Den dekker nyhende, kultur og sport frå Indre Hardanger med kommunane Odda, Ullensvang og Eidfjord som primærområde.

Avisa kjem ut tre gongar i veka i et opplag på ca. 5600 og har ei stadig veksande nettutgåve. Hardangerfolk er sona der du sjølv set dagsorden.

[Bilete 1244102 fins ikkje eller er sletta]Meir om sona
Origo Hardangerfolk er ei sone på Origo. Les meir